Sibir og allergi

Sibirkattene kan vera allergivennlige katter. Det betyr at folk som er allergiske mot katter kan tåle sibirkattene. Men - ikkje alle katteallergikere tåler sibirkatten, så kvar enkelt som ønsker å skaffe seg en allergivennlig katt må få testa det før ein kjøper. 

Ulike komponenter hos dyr kan gi allergi hos mennesker, f.eks. flass og spytt. Hos katten er det påvist mest allergener i spyttet, slik at når katten slikker pelsen sin så vil spyttet som etterkvart tørker virvle opp i lufta og bli pusta inn av mennesket.

I kattespyttet finnes eit protein som heter FEL D-1, og mange reagerer på dette stoffet. Det ein har funne ut, er at sibirkatten har mindre av dette proteinet. Det kan bety at du kan tåle sibirkatten sjølv om du ikkje tåler andre katter. Men - som nevnt er det fleire ting ein kan reagere på, så kvar enkelt må testes individuelt om dei tåler sibirkatten.

Enkelte kan reagere meir på kattunger enn på vaksne katter. Derfor anbefales det at dei som reagerer på ein kattunge bør teste allergien på ein vaksen katt i tillegg, for å vera heilt sikker.

Ein må uansett kjenne allergien til den som skal testes godt, spesielt når det gjeld born, før ein utsetter dei for denne påvirkninga. Det er heller ingen garanti at ein vil tåle alle sibirkatter, sjølv om ein tåler ein. Generelt anbefales ikkje hyperallergikere å skaffe seg sibirkatt, då sjansen er tilstades for at ein før eller sidan kan få utslag.

Test allergi før kjøp!

Sibirkattens venner tilbyr testheimer til interesserte katteallergikere. Om alle kanfastslå sikkert at ein tåler sibirkatter før dei går til anskaffelse av ein, er det ein stor fordel for både oppdretter, katten og kjøperen.

Les meir her!