Utstyr til kattungen

Det er spennende å vente på å få hente heim kattungen som er reservert til deg, og for å få ventetida til å gå litt fortere så er det kjekt å starte med innkjøp til det nye familiemedlemmet. Her har eg laga ei lita liste over ting som kan vera kjekke å ha på plass før kattungen flytter til sin nye heim.



Matskål(er)

Det finnes utallige varianter av matskåler, så her må ein velge det som passer best for kvar einskild. Eg har nylig vore på samling med Bergen katteklinikk, der eigaren av Jesperpus hadde eit godt innlegg der ho anbefalte å ha ei matskål som ikkje var då djup, då katter misliker å få værhåra borti kanten når dei et. Difor anbefales det å ha matskåler som er litt vide, og grunne. Denne her blei spesielt anbefalt:

Link til skåla på bildet: 


Vannfontene eller vannskål

Det er fullt mulig å bruke ei vannskål til kattungen. Husk at katter liker at vatn står litt unna matskålene, og at dei liker det så friskt som mulig. Om de velger vanlig skål til vatn, så husk å skifte vatn ofte.

Her bruker me vannfontener, og kattungene lærer seg å drikke frå dei fra dei er ca. 5-6 veker + 

Erfaring tilseier at katter drikker meir når dei har ei vannfontene, og det trenger ikkje vera av dyreste type. Fontena på bildet fåes kjøpt ganske rimelig på Zooplus, ein nettbutikk som eg bruker å kjøpe både mat og leiker til kattene. Vatn er veldig viktig for katter å få i seg, og spesielt dersom dei et tørrfor som har liten andel av vatn i seg.

https://www.zooplus.no/shop/katt/katteskaler/kattefontene/393544


Toalett

Toalett må dei ha som innekatter, og det finnes utallige varianter her også. Derfor vil eg berre vise ein av typene som kattungene vil vera vant til å bruke før dei flytter frå oss. 

Dette er eit ganske stort toalett, så ein kan gjerne starte med noko mindre. Men - sibiren blir ganske stor som voksen, og denne liker dei godt pga at det er god plass til å grave, noko dei liker godt.

Dei har også brukt hopp-inn toalett her hos oss, og nokon foretrekker det. Eg vil sei at det blir omtrent like mykje sand utover golvet med den varianten, så det er ein smakssak.

Det finnes også mange typer sand ein kan bruke, men i starten så kan det vera lurt å ha den sanden som dei er vant til, og så kan ein gradvis gå over til andre merker om ein ønkser det seinere. Her i huset bruker me Everclean klumpesand.

Her er link til toalettet på bildet, men husk at kattetoaletter selges overalt :)

https://www.zooplus.no/shop/katt/kattetoalettogpleie/kattedo_medtak/kattedo_stordor/393359


Transportbur:

Når du skal hente katten, og seinere dra på biltur eller dra til veterinær osv. så trenger du eit bur for transport. Det kan vera lurt å tenke over om det nokon gong kan bli aktuelt å fly med katten, for i såfall bør ein velge eit bur som er godkjent for fly. Enten inne i kabin, eller i Cargo. Det er veldig stor forskjell på bur som er godkjent for kabinen og dei som er godkjent for Cargo.

Uansett kva du velger så bør du velge eit som er mulig å sikre i bil, for det vil bli det vanligste framkomstmiddelet du bruker når du skal ha med deg katten.

Der er det også enormt masse å velge i, så eg vil ikkje plukke ut nokon spesiell modell. Men - sibiren blir stor, så om du vil ha eit bur som passer heile livet så bør du tenke at det skal vera plass til 4-8 kg katt i buret. 

Om eg skal gi eit tips, så selger dei buret Skudo hos Europris til ein veldig god pris, og den butikken har dei overalt. Størrelsen ein velger bør vera minst 2, og gjerne 3 om ein skal ha hannkatt.

Klorestativ eller tønne:

Dette er ikkje noko ein MÅ ha, men det anbefales sterkt. Og om dåke har sett mange slike til salgs på Finn og FB med årsaken: Katten har null interesse av å bruke den, så kan eg sei med ein gang: Sibirene bruker dei, og dei elsker dei! OG - dei sparer møblene for å få ein omgang med skarpe klør.

Mine katter har fleire, og alle er i bruk. Kattungene er allerede vant til å klatre i dei, og dei sover i hengekøyene og på toppen av tønnene.

No er det ikkje alle som ønsker å ha eit kloretre som går fra gulv til tak. Så - dei som har litt mindre plass, eller vil ha noko litt mindre ruvende, anbefaler eg sterkt å kjøpe ei tønne.

Anbefaling: Kjøp ei som er solid, og str. XL

https://www.zooplus.no/shop/katt/klorestativ_kloremobel/kloretonne/kloretonne_np/393083

Av klorestativ så finnes det uendelige muligheter, og dei fleste vil passe fra kattungen er liten. Men skal du ha eit solid som tåler ein katt på 5-8 kg, så krever det at den enten er veldig stødig, eller at den kan festes i tak. 


Klorestativ

Eit godt klorestativ er ikkje alltid billig, men om ein tar seg råd til å kjøpe det, så vil katten elske det resten av livet. Med 1-2 katter i hus så vil dei vare i mange år, og har du to katter så vil dei garantert "sloss" om den øverste senga. 

Både Musti og Zooplus har fine kloretre, men det er utallige butikker som selger det så det er lurt å kikke litt rundt før ein velger. Her i huset har me brukt Natural Paradise fra Zooplus, og Det som heiter Basic Multipurr Biggy Kloretre hos Musti.

På bildet her er oppsettet som me har i yttergangen, og det består av Biggy kloretre og Sammy kloretre som kan festes sammen til eit stort. Men eitt av disse holder lenge i starten.

Link til kloretre

Seng

Eg setter seng langt ned på lista, fordi mange opplever at katten heller finner seg ein soveplass høgt oppe, som i bokhylla eller i klorestativet/tønna. Katter har sin egen vilje, og dei liker å ligge der dei har god oversikt.

MEN - det som har hatt størst suksess og best holdbarhet hos meg, er disse, som også kattungene bruker no. Og dei fleste har sikkert ein RUSTA butikk i nærheten. Og det beste med dei er at dei er meget rimelig sammenlikna med mange andre senger som selges rundtomkring. Og katter liker også huler! I kombinasjon med teppet som følger med kattungen, heimestrikka og tova av meg, så blir dette ein perfekt soveplass. Sett den gjerne litt høgere enn på golvet. 😊

https://www.rusta.com/no/dyreseng-p756015320101.aspx


Pelsstell

Ein veldig viktig del av daglig stell for ein sibir, er å halde den fri for floker. Til det treng du ein god kam, med litt grove tenner. Eg kan anbefale to typer, men det finnes andre på markedet:

Spratts kam no. 70 (Bildet)

https://www.stargatepetshop.no/products/spratts-70-grov-kam

Disse kammene kan vera veldig dyre i innkjøp, men det anbefales sterkt å ha. Spesielt etter at katten blir kastrert seinest ved 6 mnd alder. Då vil ein oppdage at pelsen utvikler seg og blir lengre. Dei aller flotteste kattene er dei kastrerte med masse pels.

Chris Christensen kam nummer 000:

https://www.stargatepetshop.no/products/chris-christensen-buttercomb-000